Mange vil protestere, men eg vil likevel hevde at dette er den beste filmen til den kinesiske stjerne-regissøren Wong Kar-Wai. Han står bak Chungking Express, Fallen Angels og Happy Together, og alle dei filmane har gitt han enorm status. Ein fornyar av filmspråket, vert det sagt; ein neon-estet som klarer å ta det rastlause, moderne mennesket på kornet, med sitt hektiske, fargesterke "MTV-språk". Men det var først med In the Mood for Love at han klarte å legge eit grunnleggande alvor i botnen av filmane sine. Dermed klarte han å roe seg litt ned og bli meir ettertenksam, og vi klarte å leve oss inn i historia, og dermed bli rørt av den. Kanskje er det hovud-ankepunktet mitt mot Kar-Wais tidlegare filmar: Dei er rett og slett for overflatiske og briefete. Denne filmen har ei arketypisk historie som handlar om to søkande menneske i eit moderne, kanskje litt kaldt storbymiljø. Nettopp det at han no ikkje utstyrer karakterane sine med pistolar, blondine-parykkar og anna film-fjas, gjer at han trengjer djupare ned i materien, og lagar ein film der dybden ikkje lenger er på overflata. Sjølvsagt er det botnsolid handverk; det er nydelig utført med vakker musikk og alt som høyrer med.



Kommentarer



In the Mood for Love

Hua yang nian hua

Se trailer



Land Hong Kong
År 2000
Spilletid 98 min

Regissør WONG Kar-Wai
Manus WONG Kar-Wai
Fotograf Christopher DOYLE, LAU Wai-keung

Skuespillere
Tony LEUNG Chiu-wai, Maggie CHEUNG, Rebecca PAN, CHEN Lai, Ping Lam SIU

Språk Kantonesisk, shangheinese, fransk
Produsent WONG Kar-Wai, CHAN Ye-cheng

Genre Drama, Romance


Lenker

IMDB


Visninger

DatoTidStedBilletter

Publikums vurdering

0 stemmer
0