Visninger

DatoTidStedBilletter
To 9. okt 21:15 Vika 4
Ti 14. okt 19:00 Vika 4
To 16. okt 16:00 Vika 1

Publikums vurdering

3.0 4 stemmer
3.0


Logg inn for å stemme på
filmer til publikumsprisen

You need to upgrade your Flash Player to view this content. Download here...

I tillegg til det grove skiljet mellom gode og dårlege filmar kan det vera nyttig å innføra andre kategoriar. Gode gode filmar er noko alle likar; vi snakkar om Gudfaren, Fanny og Alexander, The Wild Bunch: det nivået. Gode dårlege filmar er interessante på grunn av måten dei mislykkast på. Giliap er nærliggande i denne samanhengen. Dårlege gode filmar nærmar seg kalkunar; her er det best ikkje å nemna namn. Når det gjeld dårlege dårlege filmar, er det nok å ta for seg sommarrepertoaret på kino.

Dessutan har vi storfilmar på den eine sida, og små filmar på den andre.

Den chilenske filmen Johnny Cien Pesos, ”Hundrepeso-Johnny”, som eg såg på ein sentrumskino i Santiago i februar 1994, midt i den chilenske fellesferien, er ein svært liten film. Samstundes er den nærmare ein god dårleg enn ein dårleg god film.

I det ytre handlar Johnny Cien Pesos om fem unge studentar som får den framifrå ideen at dei vil rana ein bank. Dei kjem inn i banken som vanlege kundar, finn fram skytevåpen, og trugar dei tilsette til å tømma kassen. Alt er svært nervøst og amatørmessig utført. Merkeleg nok går alt godt så langt, men då ranarane er på veg ut med penga, dukkar purken opp. Kva nå? Ranarane trekker seg tilbake, og forskansar seg inne i banken. Det trivielle bankranet utviklar seg til ein gisselsituasjon. Radio og teve er på pletten, og framfor kamera og mikrofonar oppdagar brått ranarane, til si eiga store forundring, at ranet heile tida eigentleg har vore ein politisk protest.

Brått har manusforfattar og regissør Gustavo Graef-Marino og medforfattar Gerardo Cáceres skapt ein dramatisk situasjon som kan opna og lukka seg i mange retningar. I utgangspunktet dreiar det seg om blakke studentar som treng pengar i ein fei. Ikkje vaneforbrytarar, ikkje usympatiske, meir forvirra og med svært tilpasningsdyktig moral. Chile rundt 1990 er eit samfunn som så vidt er kvitt diktaturet, men som framleis ligg i den moralske skuggen frå kriminelle makthavarar. Kva er mest kriminelt, rana ein bank eller grunnleggja ein? Og kven er kriminelle i eit samfunn der presidenten er den største forbrytaren? Lukka inne i dette uklåre moralske og politiske universet sit ranarane i Johnny Cien Pesos, med mikrofonar og fjernsynskamera retta mot seg.

Mange små, og gode filmar tar til med eit trivielt brotsverk. Roger Donaldsons The Bank Job frå 2008 er eit framifrå eksempel i så måte. Det vesle brotsverket set i gang kjedereaksjonar som utviklar seg i mange retningar. Røvarane frå underverda viser seg å vera like gode, og nesten like dårlege som lordane i overhuset. Sjangermessig er det komedie, tragikomedie, tonen frekk og respektlaus.

Ein slik film er også Johnny Cien Pesos. Den massemediale omtolkinga av bankranet til politisk aksjon skaper store fiktive rom som filmskaparane kan la hovudpersonane boltra seg i. På overgangen frå militærdiktaturet må også den chilenske ordensmakta stilla seg spørsmålet om kva som er politisk fiksjon og kva som er kriminell realitet. Viss det då ikkje er snakk om politisk realitet og kriminell fiksjon?

Under solidaritetsarbeidet for Chile tenkte vi uvilkårleg at dei politiske flyktningane i utlandet ville bli tatt imot som heltar av juntamotstandarane som hadde blitt i landet. Sjølvsagt var det ikkje slik. Ut frå det amatørmessige bankranet viser Johnny Cien Pesos i minneverdige scenar korleis motsetningane mellom utefront og heimefront var uungåelege, sjølv om ein politisk var på linje.

Ut frå verklista til Graef-Marino ser Johnny Cien Pesos ut til å vera eit One Hit Wonder. Etterpå har det mest blitt dusinvare og teve. Men Johnny følger sin eigen logikk fram til siste bilde. I mellomtida har vi mora oss kosteleg, blitt litt klokare, og med gatene i Valparaíso som stemningsfulle locations. Kjartan Fløgstad


Logg inn for å lagre denne filmen i din egen filmliste


Kommentarer

Dette bygger på en sann historie. Utrolig
Victoriasita / 27. jul 2009 kl. 00:56



Johnny 100 pesos

Johnny cien pesos

Se trailer

LAND Chile
ÅR 1995
SPILLETID 90 min
SERIE The Authors' Choice

REGISSØR Gustavo GRAEF MARINO
MANUS Gerardo CÀCERES
FOTOGRAF José Luis ARREDONDO

SKUESPILLERE
Armando ARAIZA, Patricia RIVERA, Willy Semler, Aldo PARODI

SPRÅK Spansk
UNDERTEKST Engelsk
PRODUSENT Eduardo BUSTOS, Juan FORCH, GRAEF MARINO
PRODUKSJONSSELSKAP PASSPORT FILMS

GENRE Action, Drama


Lenker

IMDB


mail@filmfrasor.no · Address: Dronningensgt. 16, N-0152 Oslo, Norway · Tel: +47 22 82 24 80/81/82 · Klapp Media