MITT PROGRAM (0 filmer)
Logg inn med
FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

The Dance of Reality

Originaltittel: La danza de la realidad

Etter 23 år gjer den gale, men geniale Alejandro Jodorowsky endeleg comeback med denne allegorien over sine eigne formative år som jødisk flyktning i ein lutfattig chilensk gruveby, og det i sedvanleg stil: som før kan du forvente det uforventa sett gjennom draumeaktige surrealistiske briller. Denne filmen opnar i sirkusomgjevnader, og det er som ei programerklæring for det som kjem seinare. Ikkje bli overraska når du her får servert lemlesta dvergar, ein skrullete buddhist, kommunistar, anarkistar, ødipuskompleks, ein Stalin-elskande far og ei mor som teken ut av ein Wagner-opera. Filmen er eit overflødigheitshorn av det absurde, det teatralske, det karnivaleske og det glorete fargesprakande, men den klarar mesterstykket å samstundes vere ein meditasjon over religion, politikk, identitet og livet som berre Jodorowsky kan. Sjølv om det kan verke som den sprikar i alle retningar, klarar han å flette dette saman til ein heilskap. Riktignok ein film som ikkje kan eller bør lesast etter eit tradisjonelt filmmønster, men heller sjåast på som ein visjon og psykomagisk terapi. Jodorowsky er nemleg ikkje snau og har forkasta psykoanalysen til fordel for sin eigen psykomagi. Denne er meir inspirert av eit jungiansk univers av arketypar, referansar og symbol enn av Freud. Ved hjelp av fabelens og mytologiens univers lagar so Jodorowsky denne filmen for å forsone seg med sin eigen barndom. Og det er ikkje berre uttrykket som er psykomagisk, Jodorowsky har casta sin eigen son som sin autoritetselskande far i filmen og han dukkar sjølv opp som sin eigen skytsengel i fleire scener på eit anna plan enn filmens handlingsplan. Jodorowsky oppsummer filmen i eigne ord: «Folk seier eg er gal. Eg er ikkje gal, eg freistar å hele mi sjel.» gil

Denne filmen har aldersgrense 15 år.

No for tida er Jodorowsky kanskje betre kjend for sine teikneseriar og tarot enn som filmregissør, men på 70-talet var han den psykospirituelle filmens mester. John Lennon var overbegeistra etter å ha sett El Topo og overtalte manageren sin til å delfinansiere oppfølgjaren The Holy Mountain som var eit kosmos i seg sjølv. I hans eigne ord: «I ask of cinema what most North Americans ask of psychedelic drugs.»


Visninger

DatoTidStedBilletter
On 16. okt 20:30 Lillebil Kjøp
To 17. okt 20:45 Tancred Kjøp
Lø 19. okt 21:00 Ringen 2 Kjøp
Legg til i mitt program

Se trailer



Lenker

IMDb


Chile 2013 Regissør Alejandro JODOROWSKY Manus Alejandro JODOROWSKY Fotograf Jean-Marie DREUJOU Skuespillere Brontis JODOROWSKY, Pamela FLORES, Jeremias HERSKOVITS Produsent Moisés COSÍO, Alejandro JODOROWSKY, Michel SEYDOUX Produksjonsselskap Caméra One, Le Soleil Films Salg The Festival Agency Språk Spansk Undertekst Engelsk Spilletid 130 min Seksjon International Competition Genre Drama Biography