MITT PROGRAM (0 filmer)
Logg inn med
FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

The Great Kilapy

Originaltittel: O Grande Kilapy

The Great Kilapy er ein film laust basert på verkelege hendingar i den rike overklassas Angola, der svarte hadde oppnådd ein sosial mobilitet i høve til den portugisiske kolonimakta, men likevel måtte kjempe mot rasisme i forskjellige former. Tida i filmen er hovudsakleg lagt til seint 50-tal og tidleg 60-tal, men går heilt fram til frigjeringa i 1975. Joãozinho er verkeleg på rett plass til rett tid, både under portugisisk styre og etter frigjeringa, utan å gjere noko særleg for det anna enn å forføre rike kvite damer og nyte livet på lånte midlar. Lázaro Ramos, kjend frå brasiliansk film, kler denne rolla like godt som han kunne ha passa i til dømes Hell Up in Harlem. Det er spesielt for miljøskildringane av Luanda og Lisboa på denne tida at filmen viser si styrke. Vi blir transporterte til røykfulle barar der overklassa drikk dyr Cognac til eit lydspor av smektande jazz, og dette er det som på si side forfører sjåaren. Zézé Gamboa har her vellukka portrettert ein over gjennomsnittet heldig manns liv i desse historiske omstenda. gil

Denne filmen har aldersgrense 15 år.

Zézé Gamboa ser på seg sjølv som ein i bølgja av afrikanske filmskaparar som tek for seg oppgåva å rekonstruere ein nasjonal identitet. Debutfilmen hans, Hero,  kom i 2004. Den hadde òg den nære historia som tema og viste kva følgjer borgarkrigen hadde for den gjengse angolar. Dette er hans andre film.


Visninger

DatoTidStedBilletter
Ma 14. okt 20:30 Saga 6 Kjøp
Ti 15. okt 16:00 Saga 6 Kjøp
On 16. okt 21:00 Saga 6 Kjøp
Legg til i mitt program

Se trailer



Lenker

IMDb


Angola, Portugal, Brasil 2012 Regissør Zézé GAMBOA Manus Luís ALVARÃES, Luis Carlos PATRAQUIM Fotograf Mario MASINI Skuespillere Lázaro RAMOS, Pedro HOSSI, João LAGARTO Produsent Fernando VENDRELL Produksjonsselskap David & Golias, Raíz Produções Cinematográficas, Gamboa & Gamboa Salg David & Golias Språk Portugese Undertekst Engelsk Spilletid 100 min Seksjon Africa Genre Drama