MITT PROGRAM (0 filmer)
Logg inn med
FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

Tropical Malady

Originaltittel: Sud pralad

Denne eldste av filmane vi viser av Weerasethakul har mykje til felles med dei to andre. Det er ein film delt i to delar som ein kanskje ikkje med ein gong forstår korleis heng i hop, men som når ein lar filmen spele ut framfor seg vevar seg saman på ein måte du kanskje ikkje har sett før i nokon film. Det er ei jakt som utspelar seg, soldaten Keng er forelska i landsbyguten Tong, men trass i Kengs pågåande framsteg tek det lang tid før Tong tek hintet. Settinga her er på landsbygda og tempoet er deretter, alt går roleg for seg. Filmstilen er like naiv og beskjeden som Tong sjølv  og den er full av små digresjonar som ikkje nødvendigvis fortel ei historie beint fram som me er vane med, men som jo er meir som våre eigne erfaringar faktisk er. I del to spelar same rollefiguren som spelte Keng i del ein ein soldat som rotar rundt åleine i den mørke jungelen etterfulgt av ein sjaman som vekslar i form mellom menneske og tiger. På dette viset tek Weerasethakul jakta i del ein inn i eit mytologisk plan der draumens og mytenes logikk er like viktige for å forstå ei personleg utvikling som den ytre hendinga er det. Der den fyrste delen er øm og fintfølande som Wong Kar-Wai, er den andre delen psykomagisk som Alejandro Jodorowsky. Og om ein er skeptisk til historia (det er det ingen grunn til å vere), so kan ein nyte det sanselege i filmen. Alt er filma på lokasjon, og lydane, lyset og omgjevnadane i jungelen er som om Claude Monet hadde brukt filmkamera i staden for pensel og måling, medan handlinga er som i eit av Henri Rousseaus maleri. gil

Denne filmen har aldersgrense 15 år.


Visninger

DatoTidStedBilletter
Lø 12. okt 18:00 Lillebil Kjøp
Sø 13. okt 18:45 Lillebil Kjøp
Legg til i mitt program

Se trailer



Lenker

IMDb


Thailand, Frankrike, Tyskland, Italia 2004 Regissør Apichatpong WEERASETHAKUL Manus Apichatpong WEERASETHAKUL Fotograf Jarin PENGPANITCH, Vichit TANAPANITCH, Jean-Louis VIALARD Skuespillere Banlop LOMNOI, Sakda KAEWBUADEE, Huai DESSOM Produsent Charles de MEAUX Produksjonsselskap Downtown Pictures, TIFA Salg Tamasa Distribution Språk Thai Undertekst Engelsk Spilletid 118 min Seksjon Director's Special Portrait Genre Drama