close
  • Mitt program

MITT PROGRAM

FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

Adventure

Protagonisten i Adventure har ikkje noko namn, og han er ingen spesiell. Han kan vere kven som helst. Han likar å gå rundt i byen om natta når byen er tom for folk og han møter på so få som mogleg. Denne kvelden høyrer han eit skrik, og han skundar seg i den retninga det kom frå. Der overraskar han ein voldtektsmann som rømmer staden. Han blir kjend med jenta som står att, og dei tilbringer dei neste fire kveldane saman. Mellom dei er det likevel ein kjøleg distanse.

Dostojevskij hadde nett skrive novella Hvite netter då han vart dømd til døden av tsaren for «samfunnsnedbrytande tenking», for so å bli benåda og forvist til Sibir. Etter fire år der vart han tvangssendt til det noverande Kasakhstan der handlinga i denne filmen utspelar seg. Som i novella er det ei kjensle av framandgjering som er framtredande, men den handlar ikkje om samfunnsspørsmål. Dette er nemleg ei kjærleikshistorie, med eit islag av munter tristesse. Storheiter som Visconti og Bresson har tidlegare sett potensialet i historia, og no har Turebaev realisert den i eit nokturnt Kasakhstan. gil 

Nariman Turebaev (f. 1970) har tidlegare skrive manus og regissert Little Men (2003) og Sunny Days (2011) som begge har fått mange gode omtaler og vorte nominerte til fleire prisar ved forskjellige festivalar. 

Kazakhstan 2014
Regissør Nariman TUREBAEV
Manus Nariman TUREBAEV
Skuespillere Azamat NIGMANOV, Ainur NIYAZOVA
Produsent Guillaume DE SEILLE, Anna KACHKO
Produksjonsselskap Kazakhfilm Studios
Salg Pascale Ramonda
Språk Russian
Undertekst Engelsk
Visningsformat DCP
Spilletid 78 min
Seksjon Focus Georgia and Kazakhstan, Asia
Genre Drama