close
  • Mitt program

MITT PROGRAM

FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

Bald Mountain

Bald Mountain er ein beinhard, moderne gangsterfilm som utspelar seg i gullrushet i Sør-Amazonas på 80-talet, og kunne ha vore ein Jack London roman regissert av Brian De Palma.

Juliano og Joaquim, to barndomsvenner dreg frå Rio De Janeiro og ut i jungelen med eit håp om kort vei til rikdom. Den eine er ein tidligare boksar og smågangster som meir en villig flyktar frå gjeld og anna trøbbel i Rio De Janeiro, den andre med kallenamnet «professoren» har mista jobben på grunn av nedbemanning, og som meir motvillig forlèt si gravide kone. Begge har eit håp om å komme snarleg og nyrike tilbake. Dei er ikkje dei einaste som drøymer om det store gullfunnet, og innan året er omme er gruva i Amazonas blitt til den største samlinga av kroppsarbeidarar sidan bygginga av pyramidane. Dei startar i det små og det tek ikkje lang tid før det ser lyst ut for dei to håpefulle entreprenørane. Medan Joaquim jobbar med målet for auge å reise tilbake til si nyfødde dotter, freistast Juliano å slåst sin veg oppover i gruvehierarkiet. Men med 120 000 lykkejegerar i ein liten småby merkar dei fort den korrumperande krafta av grådighet og makt. sh

Anbefalt aldersgrense for filmen er 15 år. 

Heitor Dhalia (f. 1970) er ein brasiliansk regissør og manusforfattar. Sidan 1988 har han laga fem filmar, mellom andre Nina (2004), O Cheiro do Ralo (2006) og Gone (2012). Filmen hans À Deriva var ein del av Un Certain Regard på Cannes Film Festival i 2009. 

Brasil 2013
Regissør Heitor DHALIA
Manus Heitor DHALIA, Vera EGITO
Fotograf Luis ABRAMO
Skuespillere Wagner MOURA, Matheus NACHTERGAELE, Sophie CHARLOTTE
Produsent Heitor DHALIA, Tatiana QUINTELLA
Produksjonsselskap Paranoid Filmes
Salg Pascale Ramonda
Språk Portugisisk
Undertekst Engelsk
Visningsformat DCP
Spilletid 100 min
Seksjon Latin America
Genre Western