close
  • Mitt program

MITT PROGRAM

FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

Dust on the Tongue

Silvio Vega er dødeleg sjuk. Han spør Fernando og Lucia, to av sine utallege barnebarn, om å ta livet hans før smertene blir uoverkomelige.

Han tar med dei to til farmen som han har budd på med kona si i størsteparten av sitt liv, og lovar at om dei gjer som han ber, skal dei få spreie oska til bestemora slik ho sjølv ville det. Han lover at etter hans død skal dei få dele eigendomen seg sjølve imellom. Trass i at han er valdeleg i fylla og elles har ein brutal framferd, klarer han med sin magnetiske og karismatiske person å vere eit midtpunkt i ein etter kvart veldig stor familie. I løpet av reisa og desse dagane på farmen i en apokalyptisk, primitiv og vakker natur på slettene øst i Colombia avdekker dei to barnebarna meir og meir av bakgrunnen til Don Silvio. Blant mannen og naturen sin villskap byrjar Fernando og Lucia å skjøne at å drepe han vil være å løne han, og dei blir tvungne til å ta eit val. Skal dei frigjere han frå eit smertefullt dødsleie, eller er denne audmjukande lagnaden god nok straff for ein brutal patriark?

Rubén Mendoza seier sjølv at om hans eigen bestefar skulle spørje han om det same, ville han ikkje ha nølt med å drepa han, sjølv om han ikkje var frisk før han døydde. Han blandar ekte historier og bileter med fiksjon og på meisterleg vis fortel ei historie om tilslørte fiendtlege følelsar mellom forelder og avkom, ein hypotetisk tur tilbake til Casanare i Llanos, til farmen til bestefaren til Don Silvio og Mendoza. Det er Mendoza sjølv som tar eit oppgjer med sin eigen bestefar, ein mann han omtalar som ei fantastisk legende og eit brutalt monster som lar galskap og bitterhet forgifte familien. sh 

Rubén Mendoza (f. 1980) har laga fleire kortfilmar, blant anna La cerca i 2004. Hans debutspelefilm La sociedad del semáforo (2010) har hausta over 15 internasjonale prisar. Mendoza har studert Film og TV ved det nasjonale universitetet i Colombia. 

Regissøren introduserer filmen:

13. oktober kl. 20.30, Victoria Kino 
15. oktober kl. 21.00, Victoria Kino  

Colombia, Frankrike 2014
Regissør Rubén MENDOZA
Manus Rubén MENDOZA
Fotograf Juan Carlos GIL
Skuespillere Jairo SALCEDO, Gabriel MEJÍA, Alma RODRÍGUEZ
Produsent Daniel GARCÍA
Produksjonsselskap Dia Fragma Fábrica de Películas ltda.
Salg Dia Fragma Fábrica de Películas
Språk Spansk
Undertekst Engelsk
Visningsformat DCP
Spilletid 90 min
Seksjon Main Competition, Latin America
Genre Drama