close
  • Mitt program

MITT PROGRAM

FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

Flapping in the Middle of Nowhere

Flapping in the Middle of Nowhere har fått støtte frå Sørfond og er co-produsert av norske Alan Milligan, frå Film Farms. Eit sart, mørkt og sensuelt drama om dei intrikate emosjonelle konsekvensane av seksuell intimitet. Huyen er ein vakker, ung og grublande student langt vekke frå hennar landlege heim i den myldrande storbyen Hanoi. Ho er i eit forhold med Tung, ein knapt vaksen gut som jobbar som elektrikar. Når dei oppdagar at ho er gravid, er dei nølande einige om å avbryte den, men dei manglar pengar til å betale for abort. Paret må derfor gå til desperate middel for å samle inn pengar til inngrepet. Tung freistar å vinne pengar på hanekampar helde i forlatne lokale utanfor byen, medan Tuyen sin eigen strategi er like uvanleg. Ho prostituerer seg nemleg med ein mann som tenner på gravide kvinner. Når fristen for aborten nærmar seg, og strategien til Tuyen fører til at forholdet med den spesielle klienten utviklar seg, ser ho sider av seg sjølv som ho ikkje var klar over. Trass i at filmen omhandlar eit tungt tema, er Flapping in the Middle of Nowhere ei stillferdig, til tider poetisk historie. Regissør Nguyen Hoang Diep observerer medfølande karakterane sine problem. Hennar lange, svakt skrådde og svært elegante foto er nøye samansett, ofte gjennomsyra av ein mjuk, draumeaktig kvalitet. Denne modige debutfilmen med sin distinkte visuelle stil og feminine sensitivitet etablerer Nguyễn som ei av dei mest interessante regissørane i Søraust-Asia. cf 

Nguyễn Hoàng Điệp (f. 1982) er ein leiande figur i det vietnamesiske, uavhengige filmmiljøet. Ho etablerte sitt eige produksjonsselskap i 2008 og produserte Bi, Don't Be Afraid (2009) av Phan Dang Di, som vann fleire prisar på internasjonale filmfestivalar. Debutfilmen hennar er Flapping in the Middle of Nowhere

Vietnam 2014
Regissør NGUYEN Diep Hoang
Manus NGUYEN Diep Hoang
Fotograf PHAM Quang Minh
Skuespillere NGUYEN Thuy Anh
Produsent NGUYEN Diep Hoang, Alan R. MILLIGAN
Produksjonsselskap VBlock Media, Ciné-Sud Promotion, Film Farms, Filmallee
Salg Film Farms
Språk Vietnamesisk
Undertekst Engelsk
Visningsformat DCP
Spilletid 99 min
Seksjon Main Competition, Asia
Genre Drama