close
  • Mitt program

MITT PROGRAM

FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

The Mute

The Mute er ein bekmørk og usedvanleg komedie om korrupsjon i det peruanske rettsvesenet frå brørne Vega Vidal, og handlar om embetsmannen Constantino, som er eit hakk heva over sine kollegaer i virket sitt. Han er nemleg ubestikkbar og han idømmer fangane dei strengaste straffene han kan, for å «produsere samfunnsnyttige resultat», som han sjølv formulerer det. Då han vert degradert i jobben, får bilruta si knust og på toppen av det heile blir skoten i strupa, anar han ein konspirasjon mot han, men med meir enn rundt rekna 800 fiendar er det ikkje so lett å finne ut kven som eventuelt står bak.

Med eit diskré og kritikarrost lydspor av Oscar Camacho som understøttar den tilbakehaldne filmstilen freistar Fernando Bacilio i hovudrolla på klønete vis å kome til botnen av mysteriet. Han mista taleevna si etter attentatet, men det verkar som han i jakta på gjerningsmannen i staden har fått eit nytt formål som er større enn han sjølv, nemleg ein forstumma kamp mot kriminalitet og korrupsjon. gil 

Daniel og Diego Vega Vidal, utdanna høvesvis i Spania og på Cuba, har tidlegare laga Octubre (2010) som vant Un Certain Regard-prisen same året i Cannes. The Mute er den andre langfilmen og er samprodusert av Carlos Reygados, eit vitnesbyrd om at det her er snakk om to store talent. Fokuset deira ligg på dei ibuande problema i eit Peru under utvikling. Hovedrolleinnhaver vant prisen som beste skuespiller på Locarno FF, 2013. 

Peru, Frankrike, Mexico 2013
Regissør Daniel Vega VIDAL, Diego Vega VIDAL
Manus Manuel ARIAS, Daniel Vega VIDAL, Diego Vega VIDAL
Fotograf Fergan CHAVÉZ-FERRER
Skuespillere Fernando BACILIO, Lidia RODRÍGUEZ, Juan Luis MALDONADO
Produsent Daniel Vega VIDAL, Diego Vega VIDAL
Produksjonsselskap Maretazo Cine, No Dream Cinema, Urban Factory
Salg Urban Distribution Int.
Språk Spansk
Undertekst Engelsk
Visningsformat DCP
Spilletid 86 min
Seksjon Latin America
Genre Drama