close
  • Mitt program

MITT PROGRAM

FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

Pokémon: Filmen

Ei gruppe forskarar vert tilbodne finansiering av genforsking om dei freistar å klone Mew, den beste pokémonen nokon sinne. Kloninga er vellukka og Mewtwo er fødd, men lukka er kortvarig. Misnøgd med å vere skapt for eit formål, som slave for sine herskarar, drep Mewtwo desse og set i gang med å klone andre pokémon for å kunne bli verdas beste pokémontrenar. Ash, Pikachu, Wigglytuff og dei andre møtast til dyst, men korleis går det når dei møter seg sjølve i kamp? Dei finner snart ut at ambisjonane til Mewtwo er større enn berre å vinne meisterskapet. Det er verdt å nemne at gjengen får uvurderleg hjelp av ei gruppe vikingar frå Minnesota for å nå målet sitt Pokémon: The First Movie er animert i kjent stil med klare, sterke fargar. Figurane er levande og propp-fulle av energi og entusiasme. Det er ein fryd for auget å sjå på og er akkurat som barn elskar det. Filmen var opphavleg tenkt som ein finale for tv-serien, men då denne vart ein mykje større suksess enn ein kunne ha venta vart plottet forandra og det vart den fyrste i ei rekke på tolv filmar. gil 

Yuyama Kunihiko (f. 1952) står bak ei rekke animasjonsfilmar og tv-seriar sidan 1979, mest kjend er han for dei tolv filmane i Pokémon-serien. Han har òg regissert tv-seriane Sengoku majin Go-Shogun (1981) og Wedding Peach (1995) i tillegg til rett på video-filmen Kimagure Orange Road: Summers Beginning (1996). 

Japan 1998
Regissør YUYAMA KUNIHIKO
Manus SHUDO Takeshi
Fotograf SHIRAI Hisao
Skuespillere Veronica TAYLOR, Dick RODSTEIN, Rachael LILLIS
Produsent Tomoyuki IGARASHI, Takemoto MORI, Choji YOSHIKAWA
Produksjonsselskap Nintendo, Shogakukan Production, Oriental Light and Magic
Salg Norsk Filminstitutt
Språk Norsk
Visningsformat 35mm
Spilletid 96 min
Seksjon Mangapolis
Genre Animation