close
  • Mitt program

MITT PROGRAM

FILMLISTE
KALENDER
Klikk på en visning for å se alternative tidspunkt

Sepideh

Filmen vises i seksjonen Re:View Norden - her trekker vi frem filmer
og filmskapere som speiler våre mangfoldige samfunn og og inngår i vår markering av den internasjonale Jentedagen.

Sepideh er ei 16 år gammal jente frå sør i Iran som drøymer om å bli astronaut. Hennar store førebilete er Anousheh Ansari som var fyrste iranar, og kvinnelege turist, i verdsrommet. Familien meiner at det ikkje sømer seg at små jenter skal vere ute om natta og sitje og sjå på stjernehimmelen. Ho held ved draumen sin og søkjer støtte ved å skrive brev til Einstein, men det er òg andre ting som tyngjer ho ned. Far hennar døydde nokre år tidlegare og familien hans har vore særs lite hjelpsame. Jordområda har tørka ut og ligg brakke så den vesle familien blir nøydde å velje mellom hennar skulegang eller å reparere brønnen. Utan brønnen har familien heller inga inntekt. Ho starter eit prosjekt som mogleg kan vinne ho eit stipend. Ho ønskjer å påvise at bygningane kring grava til gamle kong Kyros ikkje var av religiøs karakter, men heller eit astronomisk hjelpemiddel til å bestemme fyrste sommardag. Kamera klarar på meisterleg vis å fange opp dei viktige augneblikka i livet hennar og ein får eit flott innblikk i hennar higen etter å nå draumane sine. sh 

Berit Madsen (f. 1964) har si utdanning frå Ateliers Varan i Paris og Danmarks Media-og journalistikkhøgskule. Ho jobbar no med ei doktoravhandling i etnografi og sosialantropologi på Universitet i Århus. Fleire av filmane hennar har blitt viste på mange festivalar verda rundt. Sepideh er hennar fyrste dokumentar. 
 

Jentedagen Lørdag 11. oktober, kl 13.15, Filmens Hus 

Det vil bli samtale med spillefilmregissør Iram Haq etter filmen. Samtalen vil bli leia av Gjermund Granlund.

Jentedagen / Re:view Søndag 12. oktober, kl 16.00, Sandvika kino

I etterkant av filmen vil Gjermund Granlund samtale med Noor Jdid som er fredsforskar og stipendiat ved PRIO. Ho driv i tillegg bloggen Migrantfeminist og sit i styret til Minotenk.

 

Danmark, Norge, Sweden, Tyskland, Iran 2013
Regissør Berit MADSEN
Manus Berit MADSEN
Fotograf Mohammad Reza JAHANPANAH
Skuespillere Sepideh HOOSHYAR
Produsent Stefan FROST, Henrik UNDERBJERG
Produksjonsselskap Radiator Film ApS
Salg LevelK
Språk Persisk, engelsk
Undertekst Engelsk
Visningsformat Blu-ray
Spilletid 90 min
Seksjon Doc South, International Day of the Girl Child
Genre Documentary