close

Intervju med Helen McCarthy

Helen Mccarthy er britisk anime- og mangaekspert, foredragsholder og forfatter. I slutten av september besøkte hun Norge i forbindelse med Norsk filmklubbforbunds filmfaglige seminar med fokus på Japan. Mccarthy har skrevet åtte bøker om japansk anime og manga, blant annet den første engelskspråklige boka om anime: Anime! A beginners guide to Japanese animation (1993). Vår skribent Geir Ivar Lien møtte den engasjerte anime- og mangaeksperten.

Av 4. okt 2012

Aller fyrst, kan du presentere deg kort for det norske publikum?

Eg er Helen McCarthy og eg har skrive om japansk animasjonsfilms sidan 1981. Det meir eg har lært om det, det meir interessert har eg vorte. Eg etablerte nokre magasin om emnet, var aktiv i miljøet, har møtt mange nøkkelpersonar.. Det er eit uttømeleg emne fordi det er so mykje å finne i det, ikkje berre har du teikneseriane og teiknefilmane per se, du har óg den kontemporære grafiske kulturen til eit land med ei høgt utvikla grafisk kjensle og ei særskild evne til å fortelje historier gjennom den.

Du har vore interessert i anime i mange år og har skrive fleire bøker, det vere seg oppslagsverk om anime generelt so vel som kritikarroste regissørprofilar om Miyazaki Hayao og Tezuka Osamu, kva var det som utløyste interessa di for japansk teiknefilm?

Det fyrste eg fekk vite om anime var frå ein ven som hadde vore i Spania. Spania og Frankrike på slutten av 70-talet hadde anime på tv og det var publisert mangahefter der. Då eg såg denne fantastiske og dynamiske visuelle verda vekte det interessa mi og eg byrja å undersøke nærare. Det vesle som stod i engelskspråkleg litteratur var at det, utanom nokre får arthousefilmar, var primitivt barne-tv, men eg visste jo at det var mykje meir enn dette. Derfor bestemte eg meg for å skrive om det og det tok meg 12 år før eg var ferdig med den fyrste boka.

Korleis var det mogleg at det vesle isolerte Japan fekk ein so omfattande produksjon av anime?

Det var fleire utløysande faktorar som skjedde på same tid, som gjorde Japan i stand til å selje anime verda rundt. Dei var heldige, dei hadde estetikken, teknologien og si rolle i verdsøkonomien, og dette skjedde samtidig. Dei fleste nasjonar, når du vert kjend med dei, har ein veldig utprega estetisk sans, men har ikkje hatt dei rette tilhøva for å utvikle ein slik kultur i same mon. 

Det er no nesten 20 år sidan du publiserte den fyrste boka di, «Manga Manga Manga, A Celebration of Japanese Animation at the ICA pub», og du har vore interessert i emnet mykje lenger. Etter alle desse åra har du vel sett meir anime enn dei fleste, kva type anime likar du best, kva filmar har du som dine personlege favorittar?

Det er ingen type anime som er nærare hjartet mitt enn andre. Alle sjangrar har kanskje 90% søppel og 10% som verkeleg er verdt å få med seg. Nokre få av dei har denne unike evna til å slå deg ut av balanse og forandrar deg som person. Alle som skriv om kunst og kultur har hatt denne opplevinga, og det er den dei jagar etter å få igjen. So det er desse filmane eg likar best. Den absolutte favoritten min er Tonari no Totoro og det var den som fekk meg til å ville skrive om Miyazaki. Den såg eg i ei japansk utgåve utan tekstar og eg kunne følgje historia utan å kunne japansk. Slår ein av den delen av hjerna som forstår språk og konsentrerer seg om alt det andre kan ein likevel i mange tilfeller forstå det meste. Ein perfekt film på alle måtar. Den gjer to ting få andre regissørar tør å gjere, den går inn i eit barns univers på eit barns nivå. Den ser verda frå eit barns ståstad i eit barns tempo. Dette er veldig vanskeleg for ein vaksen regissør. Noko anna den gjer er å putte døden rett i midten av historia. Døden er karakteren som ikkje er namngjeven, men som er protagonisten i Tonari no Totoro slik den trugar Satsuki med å ta frå ho mora. Få filmar tør å gjere dette i ein film frå eit barns perspektiv og utan å vere melodramatisk, men på ein naturleg måte.

Apropos «Totoro», eg såg nettopp Miyazaki Hayao sin film «Princess Mononoke» og vart heilt oppslukt i kor avansert historie det egentlig er slik den foregår på fleire plan som han lar gå parallellt og som ikkje nødvendigvis blir forklart. Han har mot til å la trådar leve sitt eige liv for so å kome tilbake om det høver seg so utan at eg føler at det er «uløyst» som ein kan føle det i andre filmar. Eg vil kalle det organisk filmkunst og det har nok samanheng med arbeidsmåten hans, at han ikkje veit kor filmen ender når han byrjer på den, men utviklar den undervegs. Er so komplekse narrativ noko som er vanleg i anime, ein sjanger vi i Vesten i alle høve tradisjonelt sett har teke for å vere naiv og for ungar?

Faktisk tykkte eg at «Princess Mononoke» var minst 25 minutt for lang. Miyazaki dveler for lenge med å utvikle historia og spesielt i byrjinga har han for sterkt fokus på karakterar som er mindre viktige. Men lenger ute i filmen som i scenene i skogen med Kodama-sjelene og med skogsanden Shishigami t.d er nær perfekte i timing og stemning. Uansett er det ein forvitneleg tematikk i filmen, menneskets svik mot gudane, skapinga av ein ikkje-egofiksert helt og ikkje minst ei perfekt kjærleikshistorie.
 

Når det gjeld originale og komplekse historier har vi t.d. ein tidleg film frå regissøren av Children Who Chase Lost Voices From Deep Below (som visast i mangapolis programmet [forf.anm.]) som heiter Voices From A Distant Star. Historia går kort sagt ut på at ei tenåringsromanse vert sliten frå kvarandre då jenta melder seg til FN sin romarmé for å slåst mot romvesna som angreip vår koloni på Mars. Det snedige med denne filmen er at den handlar om forholdet deira og korleis det er påverka av tidsforskjellen og ikkje minst kor fort tida i seg sjølv går i (jmf relativitetsteorien). Dei sender tekstmeldingar til kvarandre og dette går greit i byrjinga, men det lenger dei kjem frå kvarandre, jo lenger tek det før meldingane kjem fram. Etter kvart har det gått nesten eit tiår på jorda for han medan det har gått nokre månader for ho og trist nok har han til slutt berre eit vagt minne om kven det er meldinga kjem frå sidan det har gått so lang tid.

På denne festivalen har vi eit program kalla Mangapolis, kva tykkjer du om desse fire filmane som vert viste her, er det eit bra program for folk som ikkje veit mykje om det, eller er det for drevne sjåarar, er det for ung eller for gamal?

Sånn som eg ser det er den typen anime som er produsert for kino laga som familiefilmar. Difor meinar eg at alle som likar film generelt vil få eit utbytte av å sjå alle desse filmane. Dei som likar fantasy vil elske Wolf Children og dei som likar sci-fi vil elske Metropolis. Alle som er interessert i retro, 20- og 30- talet vil elske Metropolis og det er også filmen for dei som likar jazz. Dei som likar nostalgisk romanse, viktoriana, sluttan av 1800-talet som er tida då det meste av Oslo var bygd, vil nok få stort utbytte av From Up on Poppy Hill. Alle desse filmane er vel verdt å få med seg og spesielt på kino om det er din fyrste anime-film. Children Who Chase Lost Voices From Deep Below har eg ikkje sett, men den tidlegare nemnte filmen til regissøren Shinkai var ei fantastisk kjærleikshistorie.

Mangapolis freistar å utvikle ei platform for å vise anime til det norske folk på ein meir fast basis enn det er per i dag. Er det eit behov for ei slik plattform i Oslo trur du?

Eg veit eigentleg ikkje sidan det er fyrste gongen min her, men det folk har fortalt meg er at det er berre ein butikk i området som har eit bra utval av anime og at folk reiser i timesvis for å handle der. Men ja eg meinar det er viktig å ha eit medium der ein kan lære om verda, og anime er eit av desse. Det er ein sikker måte å få ei kjensle for den store verda og ein bør få so mykje eksponering ein kan for den og so tidleg som mogleg. Å ha eit breitt utval av mange animefilmar tilgjengeleg gjer at ei slik eksponering er lettare. Å sjå anime er lærerikt og bra for barn, for sjølv om det ofte er mørkt og dystert er bodskapen positiv, den viser ofte at ein sjølv kan gjere mykje for å forandre posisjonen ein er i, og ei slik innstilling meiner eg at ein aldri bør gløyme.