Då sjampisen rann over på våre breiddegrader i påvente av millenniumskiftet gjekk det litt bedagelegare føre seg i landsbyen Sokolo i Mali vest i Afrika. Dette er ein film om dei forskjellige måtane å forstå tid, å møte ein kunstig dato på, om skillet mellom Europa og Afrika. Medan stemningsrapportane frå eit spent Paris summa inn over radiobølgene, går livet som vanleg i ein landsby der telefonsamtaler blir tekne gjennom spesialistar på telefonteknologi. Dører som opnar seg automatisk er for eventyr å rekne og gatene er trafikkerte med syklar og esel.

Vestafrikansk musikk klarer på eit vis å ta inn over seg det evige, og sånn er det med Livet på jorden òg. Og det er ikkje berre fordi Salif Keita står for mykje av musikken. Filmen og musikken verkar å stå stille. Det er ikkje noko jag etter å kome seg nokon stad, men den makter å puste på ein heilt annan måte enn vi kanskje er vane med, og har ein stødig, men roleg puls. Faktisk er det veldig greit å berre vere til her og no i denne filmen.

Om filmen er stille og alt anna enn forhasta, tek den likevel ikkje ei passiv haldning. Inspirert av mellom anna Frantz Fanon oppfordrar filmen til å «ikkje krysse armane i den sterile haldninga til ein tilskodar, for livet er ikkje eit skue, for ein skrikande mann er ikkje ein dansande bjørn.» Dette er essensiell film for den som vil forstå Afrika.

Abderrahmane Sissako er født i Mauritania i 1961, vokste opp i Mali og ble utdannet ved filminstituttet i Moskva. Han har regissert en rekke prisbelønte filmer som Livet på jorda (1998) Waiting for Happiness (2002) og Bamako (2006), som undersøker temaer som eksil og forholdet mellom Afrika og Vesten gjennom en blanding av fiksjon, dokumentar, politikk og poesi.

REGISSØRSAMTALER:

Abderrahmane Sissako
Film: Timbuktu
Tid: 14. oktober kl. 17:00
Sted: Filmens hus
I tilknytning til filmvisningen blir det en samtale mellom regissør Abderrahmane Sissako og Thor Joachim Haga fra Montages.
Film: Timbuktu
Tid: 15. oktober kl. 19:00
Sted: Victoria 4
I tilknytning til filmvisningen blir det en innledning ved regissør Abderrahmane Sissako.
Film: Livet på jorda
Tid: 16. oktober kl. 21:30
Sted: Klingenberg 2
I tilknytning til filmvisningen blir det en innledning og Q&A ved regissør Abderrahmane Sissako.
Film: Bamako
Tid: 17. oktober kl. 13:00
Sted: Victoria 1
I tilknytning til filmvisningen blir det en innledning og Q&A ved regissør Abderrahmane Sissako.

Originaltittel La vie sur terre

År 1998

Regissør Abderrahmane SISSAKO

Manusforfatter Abderrahmane SISSAKO

Fotograf Jacques BESSE

Med Nana BABY, Mohamed SISSAKO

Spilletid 1t 1m

Format 35mm

Lenker IMDb