Dukhtar (Daughter)
Det har teke Nathaniel ti år å gjere ferdig denne filmen som fekk tildelt eit produksjonsstipend av SØRFOND for å kunne gjere innspelingane i Pakistan. Resultatet er ein neglebitar av ein thriller som reint visuelt sett er vakrare enn mykje eg har sett på veldig lenge. Pakistansk filmindustri har lenge ligge brakk, og filmane som får støtte av lokale produsentar har vore utan særleg tyngde eller tydeleg sjanger, såkalla masala-film, laga for eit mannleg publikum. Ein film med kvinneleg regissør og manusforfattar som tar opp eit tema som barneekteskap har ikkje utan vanskar funne vegen til lerretet.
I lang tid har det gått føre seg ein feide mellom to familiar i fjella i Nord-Pakistan. Den terroriserande stammeleiaren Tor Gul går med på å leggje ned stridsøksa og få slutt på hemndrapa, men berre om dei to familiane einast i ekteskap. Kvelden jenta skal overleverast rømer Allah Rakhi med den ti år gamle dottera si. Dei møter lastebilsjåføren Shebaz Khan, som noko motviljug hjelper dei med å komme vekk, med dei forsømde stammeleiarane hakk i hel. sh
Aifa Nathaniel elskar å jobbe med thriller, fantasi og science fiction, noko som gjer henne banebrytande i heimlandet. Ho jobbar vel utanfor det som er forventa av kvinner med u-landsbakgrunn. I tillegg til å være regissør og manusforfattar har Aifa vore rådgjevar på fleire filmprosjekt og ein mentor for filmstudentar både i USA og Pakistan. kej
Regissøren introduserer filmen:
13. oktober kl. 21.00, Victoria Kino
14. oktober kl. 21.00, Cinemateket
Originaltittel Dukhtar (Daughter)
År 2014
Regissør Afia NATHANIEL
Manusforfatter Afia NATHANIEL
Fotograf Armughan HASSAN, Najaf BILGRAMI
Produsent Afia NATHANIEL, M. Khalid ALI, Cordelia STEPHENS, Carsten AANONSEN, Shrihari SATHE, Noman WAHEED, Thea KERMAN
Med Samiya MUMTAZ, Mohib MURZA, Saleha AREF
Produksjonsselskap Zambeel Films, The Crew Films, Indie Film, Mint Productions, Infinitum Productions
Spilletid 1t 33m
Format DCP
Lenker IMDb