Black Girl
Diouana følgjer eit fransk ektepar frå Dakar til Sør-Frankrike for å hjelpe til med borna. Ho er svært spent på reisa til Frankrike, men spenninga svinn fort hen når ho sjønar at ho ikkje er meir enn ei kokke og ei hushjelp som aldri ein gong får sjå borna. Diouana blir stadig minna på klasseforskjellane mellom post-koloniale Vest-Afrika og den franske rivieraen. Ho kjennar seg redusert til eit objekt, som ei av «autentiske» masker det franske paret har hengande på veggen. Det resultera i konfrontasjonar mellom Diouana og kvinna i huset.
Sembène brukar enkel og fin symbolikk, som til dømes maska som dukkar opp gjennom heile filmen. Han er tydleg inspirert av fransk film etter å ha budd mykje av sin yngre alder i Marseilles. Og eit år ved Gorky Film Studio i Moskva er også gjenkjenneleg på eit saktegåande filmspråk. Dette er den første afrikanske langfilmen med ein afrikansk regissør. Den er etterdubba til fransk, men det klarer Sembène å bruke til sin fordel. Heile filmen var spelt inn på 20 dagar og $20.000. Han brukar eit 16mm kamera som han hadde med seg frå Moskva, filmen han bruker er restar send til han frå vener i Frankrike. Skodespelarane og medhjelparane er familie og vener.
CREDITS: Restored by The Film Foundation’s World Cinema Project in collaboration with the Sembène Estate, Institut National de l’Audiovisuel, INA, Eclair laboratories and Centre National de Cinématographie. Restoration carried out at Cineteca di Bologna/L’Immagine Ritrovata laboratory.
Ousmane Sembène (f. 1923 i Senegal) er den første verkeleg anerkjente afrikanske regissør. Ein bauta i afrikansk post-kolonial film. Black Girl er debuten, basert på ei av hans eigne historier. Også i Emitaï (1971) og Xala (1975) tar han opp tematikk rundt det nye politiske og sosiale landskapet i Vest-Afrika etter kolonitida.
Originaltittel La noire de...
År 1966
Regissør Ousmane SEMBENE
Manusforfatter Ousmane SEMBENE
Fotograf Christian LACOSTE
Produsent André ZWOBODA
Med Mbissine Thérèse DIOP, Anne-Marie JELINEK, Robert FONTAINE
Produksjonsselskap Filmi Domirev, Les Actualités Françaises
Spilletid 1t 5m
Format DCP
Lenker IMDb