Asiatiske visjoner - fra rappkjefta chilisuppe til brutalt mafiaepos

Bli kjent med årets sideprogrammer! Overskriften sier kanskje alt - vårt sideprogram Asiatiske visjoner rommer filmer for deg som liker det godt krydret. Vår skribent Geir Ivar Lien guider deg gjennom seksjonens fire filmer.

Kvifor sjå Asiatiske visjoner?

I år har vi to japanske, ein koreansk og ein indisk film på Asiatiske visjoner. Dette programmet er alltid verdt å få med seg for å få eit nytt perspektiv på filmtypar som vi allereie kjenner so godt frå Hollywood og ikkje minst i år er det eit veldig godt utval. Tre av desse er action-filmar og ein av dei komedie. To av desse er lagt til samurai-bakgrunn og dei to andre til ei nærare mafia-bakgrunn.

Den største grunnen til å gle seg er kanskje indiske Gangs of Wasseypur, eit over fem timar langt mafia-epos med eit mykje meir brutalt filmspråk enn vi er vant til frå Bollywood. Denne filmen har på si korte fartstid fått mykje skryt, det lettaste er å jamføre den med Gudfaren-trilogien sidan den og følgjer ein mafia-familie gjennom fleire generasjonar. Heller enn å blande komedie, dansescener og action er det her reindyrka action som gjeld. For å gjere opplevinga enno meir genuin er visninga delt opp i to med eit indisk festmåltid i mellom!

En smakebit fra filmen:

Regissøren bak den koreanske filmen Nameless Gangster: Rules of the Time var ukjend for meg før eg såg denne filmen, men alle filmar med Choi Min-shik med på laget er verdt å få med seg spør du meg. Tenk litt på han som den koreanske Beat Takeshi, men meir rappkjefta og med ein god porsjon råsterk chili i strupen. Spesielt er han kjend frå Oldboy som den hamarsvingande gangsteren eller som den knasande sprø seriemordaren i I Saw the Devil, men ikkje alle rollene hans er like brutale. I Chihwaseon fra 2002 spelar han den alkoholiserte målaren Jang Seung-up t.d, og i Failan fra året før ein usympatisk ektemann i eit proforma-ekteskap. Alle rollene har han spelt på framragande vis. I Nameless Gangster: Rules of the Time har han nok ikonisk rolle i ein hardkokt gansterfilm som kan vere interessant å sjå opp mot ovennvente Gangs of Wasseypur.

Eit dynamisk samuraipar

Skal vi dømme samurai-filmane etter kven som står bak, blir programmets to titlar eit veldig dynamisk par. Den hyperaktive Miike Takashi som står bak den ene - 13 Assassins, har ein veldig rik oeuvre beståande av alt frå barnevenlege filmar som The Great Yokai War via min favoritt i yakuza/gangster-sjangeren Rainy Dog til ekstremt blodige og ubehagelige Ichi the Killer og Audition. Til å ha laga 84 filmar på 21 år har han alltid vist oppfinnsamheit i dei mange sjangrane han har boltra seg i og han har laga nokre utrulege perler, sjølv om han har eit par grusomme kalkuner innimellom. Uansett er han ein av mine favorittar og eg kjem til å vere fyrst i køen til å anskaffe meg billett til denne, og då spesielt sidan den er Miikes ode til Akira Kurosawas Schichinin no Samurai, her hjemme kjent som De syv samuraier.

Den andre samurai-filmen kjem frå eit heilt anna hald, nemlig frå eine halvdelen av komikarduoen Downtown. Matsumoto Hitoshi har vore eit kjent fjes på japansk tv sidan 80-talet og har tidlegare laga to hysterisk morsomme og bisarre filmar Dai-Nihonjin og Shinboru. Den fyrstnemnde handlar om ein 40 åring som transformerer seg til ein kjempe på 30 meter og slåst mot forskjellige monster som trugar Tokyo, i god Gojira-stil, medan den andre tok prisen for mest absurde film (om det hadde vore ein slik pris) på fjorårets festival der ein mann, uvisst av kva grunn, vaknar opp i eit heilt kvitt og nakent rom. Sære greier er det ja, men morsomt er det jaggu òg - ikke gå glipp av Scabbard Samurai! Det var i alle høve ikkje mange som klarte å halde latteren tilbake på den visninga eg var på ifjor. God festival!

Ta en titt på traileren til 13 Assassins:

Klikk deg hit for å se oversikten, se trailere og lese alle omtalene til sideprogrammet Asiatiske visjoner.