Matias Bize: Nære historier

Chilenske Matías Bize kan ikkje filme vald. Historiene må ligge nær hans eige liv – og nært ditt. Du kan treffe ham på visningen av The Life of Fish på Vika kino kl 21:00 lørdag kveld og forberede deg ved å lese dette nydelige intervjuet.

– Alle filmane mine er veldig intime. Eg viser par på avgjerande punkt i livet, og det er noko du nesten aldri får observere. Berre når du sjølv er der, men du ser elles aldri på at nokon til dømes slår opp, seier Matías Bize.

Slike situasjonar får du sjå til gagns i ein Bize-film. About Crying viser fram den store stilla mellom eit ungt par deira siste natt i Barcelona. In Bed finner stad i løpet av eit par timer på eit hotellrom, etter at ein mann og ei dame som traff kvarandre på fest same kveld har hatt sex.

– Dialogen er svært viktig, for den må vere truverdig i så sterke og emosjonelle situasjonar. Men i nokon augneblink er stilla enda viktigare. Eg vil gi tid til historia. Karakterane må verkeleg kjenne på stilla og at tida passerer. Publikum treng òg tid til å samanlikne deira eige liv med det som skjer på skjermen.

– Trur du filmane dine kan vere vanskelege å sjå?

About Crying er nok verst, fordi den er mest stille. Du må tenkje, og nokon vil ikkje tenkje. Vanlegvis vil ikkje folk sjå stille på film, men eg vil at folk skal tenkje slik eg sjølv liker å gjere når eg er på kino. I alle filmane mine må du legge litt energi i å vere open og involvert i det som speler seg ut på lerretet.
Trass i Bizes spørjande og dvelande filmspråk har han nådd langt ut over smale filmklubbar og velutdanna middelklasse. 32 år gamal har han vunne eit titals prisar, vore Chiles kandidat til Oscar-prisen to gonger og reist rundt i Amerika og Europa heile det siste året for å promotere The Life of Fish. Her får publikum fylgje reisekorrespondenten Andres gjennom barndomskameratens fødselsdagsselskap, og ein siste sjanse til å gjere det godt med eks-kjærasten.

– Det er vilt. Eg trudde filmen skulle treffe min generasjon, folk i 30-40-åra, men den fungerar visst for dei fleste, uavhengig av språk og kultur. Alle folk som har hatt ein nær relasjon har òg fått ein ny sjanse, så eg vonar at alle på ein eller annan måte kan kjenne seg igjen, reflekterer Bize.

Han verkar sikker på kva han seier. Gjentar ofte dei same frasane, til dømes «publikum kan kjenne seg igjen i...» og «historie nært mitt eiga liv», som om han allereie kan svara og veit kva det går i. Bortsett frå det er det ingenting ved ham som tydar på at han er ein anerkjent ung regissør. Lav, tynn, alvorleg, hyggeleg og medgjerlig – nesten litt unnseleg i mengda. Ein mann som ikkje har noko imot å vise publikum sitt private univers, og dvele lenge ved dei punkta vi går og tenkjer på i lang tid etterpå, kanskje resten av livet.

– Eg er komfortabel med å ta opp parrelasjonar, fordi det er ting eg sjølv har opplevd i 20-åra. Filmane mine er svært personlege og emosjonelle, og finner sted på eitt sted til ei avgrensa tid. Eg setter meg fore å fjerne alle dei tilfeldige omstenda og fokusere på den viktigaste delen av historia. Eg liker karakterar som ikkje er perfekte, men som har eit uløyst problem liggande i fortida, så dei må tenkje over kva som skjer. Det er det same med publikum, vi har alle ting vi sliter med. Derfor er det så viktig for meg at folk relaterer til hovudpersonanes problem.

– Ordnar det seg til slutt?

Matias Bize ler lågt.

– Truleg ikkje. For vi løyser eigentleg aldri desse problema trur eg. Karakterane mine forstår nokon ting og dei vil sannsynligvis få ein ny sjanse i framtida. Det er det same med meg når eg lagar film.
Vi pratar om korleis han heilt frå starten av prosessen med eit nytt manus arbeider med musikk for å støtte opp om det kjenslemessige innhaldet, namna på filmane hans og kvifor hovudpersonen stadig må reise bort til Europa. Korleis det er å regissere så intime settingar og den fantastiske kvinna som er så vanskeleg å oppnå, spelt av Blanca Lewin i to av filmane hans. Han skal reise rundt i verda og svare på dei same spørsmåla eit halvt år til, og påstår at han elskar det.

– Det er fantastisk å vere her i Skandinavia for fyrste gong. Men eg merkar at eg snart er klar for å byrje på eit nytt manus. Eg veit ikkje kva det vil handle om, eg må tenkje over kva som skjer i livet mitt akkurat no og finne ut av det.

– Kunne det ha vore noko politisk?

– Dersom det ligger nært opptil mi eiga røynd, absolutt. Vald er for eksempel vanskeleg for meg å ta opp fordi eg ikkje kan relatere til det. Men det skjer mange interessante ting i Chile no, særleg blant studentane. Eller kanskje det vil handle om ein av plassane eg har vore. Kanskje vil det handle om Oslo, seier Matias Bize med eit smil før han bryt opp for å gå gatelangs og sjå på menneska i den nye, vesle byen han har kome til.