Nikkatsu - filmselskapet som har gjort alt
Frå oppstarten i 1912 til i dag har Nikkatsu alltid levert komprosmisslause filmar, og dei har ein usedvanleg pragmatisk filmproduksjon. Cinemateket og Film fra Sør har i haust eit retrospektiv i anledning selskapets 100-års jubileum. Dette selskapet har inspirert filmskaparar frå Kurosawa Akira til Quentin Tarantino. Bli med oss å feire Nikkatsu, Japans eldste filmselskap.
Klikk deg hit for å se hele programmet.
I den tidlegaste fasen var det hovudsakleg periodedrama som prega Nikkatsu, som hjå dei fleste andre studioa på den tida. Absolutt verdt å få med seg er filmane til Yamanaka Sadao som i dette programmet er representert med Tange Sazen Yowa, ein av filmane Kurosawa Akira nemner som sine topp 100 filmar i boka «A Dream is a Genius». Yamanaka var etter sigande eit geni som laga 24 filmar på sju år på 30-talet, men berre tre av dei eksisterer idag. Det er tragisk at ein regissør som i Kuroki Kazuos ord laga filmar som «nydeleg skildra menneskeleg reinheit og kyskheit med eit ømt og sart blikk» skulle bli innkalla i hæren og døy av sjukdom i Mandsjuria berre ein månad etter at premiera på den siste filmen hans gjekk i Tokyo.
Åtte år tidlegare kom Itō Daisukes tredelte yakuza-epos A Diary of Chuji's Travels som diverre berre er delvis bevart (eller kanskje heldigvis sidan den opprinneleg varte i fire timar), denne blir åpningsfilmen for Nikkatsu-programmet i ei formidabel live-forestilling med Cinematekets stumfilmpianist, her er det lurt å vere tidleg ute med billettar sidan det er ein liten sal.
Selskapet vart under krigen under statleg kontroll og mista då produsentrolla si fram til det fekk ein ny fødsel på midten av 50-talet. No kom storheiter som Suzuki Seijun og Imamura Shohei med på laget og dei fornya japansk film under påverknad av hardkokt amerikansk film noir, og i noko mindre grad italienske filmar à la Sergio Leone. Suzuki er kjend for grensebrytande og høgt stiliserte filmar som jo var greit for Nikkatsu som var relativt liberale, men Branded to Kill som vi viser braut grensene so ettertrykkelig at selskapet sparka Suzuki for all vidare produksjon med dei. Tenk gjerne på han som ein Miike Takashi på 60-talet med sitt originale filmspråk, sin brutale vald og eksentriske sex. Imamura på si side laga innovative og samfunnsrefsande filmar som feira det primitive og det spontane som ein motreaksjon til den seige, poetiske filmen som rådde fram til då. I Vesten er han kanskje best kjend for The Eel som han vann gullpalmen i Cannes for i 1997. I Intentions of Murder er den kvinnelege protagonisten fanga i eit undertrykkande mannsdominert miljø, men ho sparkar tilbake heller enn å la seg dominere og vert soleis eit førebilete for dei sterke kvinnene som kjem seinare frå Nikkatsu der Kaiji Meiko er ei ubestridt dronning.
Ein annan film som bør nemnast spesielt frå denne tida er The Sun in the Last Days of the Shogunate som òg er nemnd som Kurosawas topp 100 filmar i ovannemnde bok. Denne blir beskriven som ei tidlaus komedie og den er ikkje å oppdrive med engelsk tekst på dvd so dette er ein unik sjanse til å få sett den på kino for dei av oss som ikkje forstår språket.
Sjå bilete frå åpninga av Nikkatsu retrospektiv her:
På slutten av 60-talet tok Nikkatsu til med å lage erotiske «pinku eiga»-filmar (tenk tidleg Russ Meyer på japansk) og gjorde det økonomisk veldig bra sidan dei konkurrerte med andre små selskap som ikkje hadde like store marginar. Allereie i 1971 slutta dei med vanleg filmproduksjon og fokuserte på denne sjangeren. Vi tek med oss Stray Cat Rock: Sex Hunter som ein smakebit på denne stilen som ikkje bør avfeiast som berre sleazy. Med ei sterk kvinneleg hovudrolle spelt av Kaji Meiko, sleivspark mot samtidas sosiale problem og eit rått og funky lydspor er det nemleg ikkje langt frå blaxploitation sjangeren. Det var denne typen film som inspirerte Tarantino til Kill Bill-serien.
Og pinnen med innovativ film går vidare inn i samtida med Miike Takashis Yatterman som er ein fantasirik barnefilm, denne viser bredden i Nikkatsus produksjon so vel som i Miikes slik den er milelangt frå dei meir kjente hypervaldelege filmane hans.