Regissørportrettet: Møt Mariana Rondón

Mariana Rondóns samfunnskritiske perspektiv har så og seie fått ho ekskommunisert frå heimlandet, og skapt furore blant politikarane der. Det er svært gledeleg å kunne vise fram tre prislønna filmar frå nettopp hennar på årets Film fra Sør, og vi gler oss stort til å bli betre kjent med hovedgjest Mariana Rondón og hennar venezuelanske historier.

Rondón vart fødd i Barquisimeto i Venezuela. Etter å ha studert animert film i Paris, reiste ho tilbake til eit land nærare sitt eige; Cuba. På den vesle øya, i åra før spesialperioden, fekk ho Gabriel García Marques som mentor, og vart kjent med både Francis Ford Coppola og George Lucas. Ho var i det første kullet som vart uteksaminert frå filmskulen EICTV på Cuba, og har sidan den gang produsert og regissert fleire prislønna filmar. Prisdrysset starta i 1994 med kortfilmen Calle 22, som fekk over tjue internasjonale prisar på si reise gjennom filmfestival-verda.

Tre filmar til Tigerstaden

Til Film fra Sør tar Rondón med seg eit filmatisk trekløver i form av At Midnight and a Half, Postcards from Leningrad og Bad hair.

At Midnight and a half (A la media noche y media, 1999) er Rondóns første langfilm, og fekk applaus frå festivalkritikarar verda over. Ei enorm bølgje truar med å øydelegge byen. Innbyggjarane flyktar i redsel, mens nokre få blir igjen. Tre unge menneske blir verande, og gjer byen til eit spel der innsatsen er kjærleik og slutten på verda.

I heimlandet Venezuela er historia dessverre prega av mykje vald. Det vil vi finne igjen i Postcards from Leningrad, som kom sju år etter At Midnight and a half. Filmen tar oss tilbake til Venezuela i 60-åra, til ei tid med geriljakamp og mange unge som har latt seg inspirere av Castro og hans menn i Sierra Maestra. Rondóns eigne foreldre var med i geriljaen, og filmen fortel ei historie ho sjølv kjenner godt.

- Heilt frå eg starta å lage film, visste eg at eg ønska å lage denne filmen, har Rondón fortalt venezuelansk presse. – Når vi spela inn filmen, la eg merke til at mange tilbydde seg å hjelpe til fordi historia mi var historia til mange som hadde blitt opplærd til å ikkje fortelle den.

Gjennom ei lita jente og fetteren hennar, blir vi dradd inn i geriljalivet, ein kvardag som kan vere grå, brutal og med mange hemmelegheiter. Barnas fantasiverd gir farge til dette grå, og filmen har fått godord for dei tekniske kvalitetane. Postcards from Leningrad (Postales de Leningrado) har vunne 25 internasjonale premiar, blant desse Beste Regissør i Kerala, og Beste nye film ved La Monstra i São Paulo.

Samfunnskritisk og kontroversiell

I Bad Hair (Pelo malo, 2013) er vi tilbake i nyare tid, i eit polarisert Venezuela med sosiale problem og ein president med skrantande helse. Her møter vi ni år gamle Junior, som er opptatt av noko heilt anna: å få retta ut håret sitt til skulebileta skal takast. Gutens eventuelle homoseksuelle legning fører til klinsj med mora Marta, ei ung enke som står utan jobb. Dramaet utspelar seg i eit overfylt husprosjekt i Carácas, med storbyens støy, støv og sansar. Rondón har ei kritisk distanse til tematikken i filmen utan å leggje lokk på naturlege kjensler.

Filmen hadde premiere i fjor, og har sidan mottatt eit prisdryss frå Astorprisar i argentinske Mar del Plata, for beste manus og beste regissør, til Golden Shell frå ein einstemmig jury i nord-spanske San Sebastián. Det er likevel ikkje filmen, men kontorversa rundt Rondón sine utsagn som har skapa furore i heimlandet. I takketalen nemnde ho at ho laga filmen som eit oppgjer mot intoleransen ho ser i Venezuela, som ho meinar skuldast eit politisk klima med polarisering og homofobi. Og der møter ho kritikk, so og seie alle venezuelanske filmar mottar heilt eller delvis statsstøtte. Ho tek i mot og kritiserar på ei og same tid, det er lite populært.

Visuell variasjon

Mariana Rondón spelar på fleire strenger, og er også visuell kunstnar, så vel som produsent. Gjennom sitt eige selskap Sudaca Films, har ho produsert mellom anna Marité Ugás sin The Kid Who Lies (El chico que miente, 2011). Filmen vart ein stor suksess i heimlandet, etter først å ha hatt premiere ved Filmfestivalen i Berlin.

I haust har Rondón hatt ei ny rolle ved ein filmfestival; som jurymedlem i San Sebastián. For tida er ho i gang med eit nytt samarbeid med Marité Ugás: filmen Contactado skal etter planen spelast inn tidleg i 2015. Vi set stor pris på at ho tar seg tid til å komme innom Oslo og Film fra Sør, og ser fram til å bli betre kjent både med Rondón og filmane hennar.


Møt Mariana Rondón til regissørsamtale 11. oktober kl. 21.00 på Ringen 1.