Den oversette tittelen her spelar på ein klassisk taiwansk kampsportfilm, A Touch of Zen (1969). Dette er for å vise eit stemningsskifte hjå Jia Zhangke, som inntil no har laga nokre fantastisk djuptloddande og autentiske filmar om det å leve under Kinas mange samfunnsomveltingar, spesielt om overgangen frå livet under det maoistiske Kina til det nye statskapitalistiske. Særleg dei tidlegare filmane har kunne minna om Theo Angelopoulos i si stille ferd med lange og symbolmetta takningar. Som i dei tidlegare filmane fortel desse rurale lokasjonane i Shanxi med forfalne boligstrøk like mykje om Kina som karakterane sine indre landskap, og det er som alltid veldig bra filma. Denne gongen ser vi óg det dekadente rikmanns-Kina i Guangzhou der menneske blir om til forbruksvarer i enkeltes jakt på lykke. Temaet er altso ikkje so ulikt hans tidlegare filmar, men denne gongen har Jia injisert sosialrealismen med sjangerfilmens pønsj. Dette er fire forteljingar som fortel kvar si desperate og brutale historie frå eit Kina der nokre få har vorte ufattelig rike på bekostning av fellesskapet. A Touch of Sin er ei temmeleg blodig affære, allereie åpningsscenene ser fleire drap enn ein middels napolitansk vendetta. Er dette like autentisk som i Jias tidlegare filmar? Jia har basert desse fire karakterane på faktiske hendingar i Kina dei siste åra. Det er som han åtvarar oss (og Kina) om at den noverande polariserande samfunnsmodellen som rådar no på sett og vis er ein trykk-kokar, og om han har rett ser framtida riktig so blodig ut. Denne filmen vart nominert til gullpalmen under årets Cannes-festival og vann for beste manus. Eg kan godt forstå kvifor. Angelopoulos møter Falling Down? Ja takk, begge deler! gil

Denne filmen har aldersgrense 15 år.

Jia Zhangke er ein av dei mest interessante regissørane i Kina dei siste femten åra. Han byrja med undergrunnsfilm, men fekk frå 2004 statleg stønad til filmane sine. Filmane hans er ofte baserte på det samfunnet han såg rundt seg i heimprovinsen Shanxi, og er motstykke til dei historisk vendte filmane til generasjonen over. For filmen Still Life (2006) vann han gulløva i Berlin.


Originaltittel Tian zhu ding

År 2013

Regissør JIA Zhangke

Manusforfatter JIA Zhangke

Fotograf YU Lik-wai

Produsent ICHIYAMA Shozo

Med JIANG Wu, LI Vivien, LUO Lanshan

Produksjonsselskap Xstream Pictures, Shanghai Film Group

Spilletid 2t 13m

Format DCP

Lenker IMDb