Concerning Violence er ei modig og gripande skildring av den afrikanske frigjeringskampen frå kolonimaktene. Den består av arkivopptak frå 60- og 70-talet, og kombinert med utdrag frå Franz Fanon si bok The Wretched of the Earth, lese av artisten Lauryn Hill, gjer den eit forbløffande innsyn i kva utfordringar desse afrikanske landa stod ovanfor i tida under og etter kolonitida. Den nemnde boka vart skriven i 1960 og blir sett på som et av dei fremste verka som freistar forstå og kaste lys over nykolonialismen, samt uroa og valden som ofte følgjer i kjølvatnet. Bygd opp av ni delar er det ei visuell og kjensleframkallande framstilling av eit svært mørkt kapittel i europeisk historie. Concerning Violence tar utgangspunkt i Fanon sin teori om at valden frå kolonistane må bli møtt med enda meir vald for å overvinnast, men inneheld òg ei bøn om å vrake den gamle koloniale huga etter makt og at ein heller vender synet mot eit meir kreativt og humanistisk samfunn. Ut av dette har Olsson laga ein dokumentar som er nøyaktig, tidsriktig og eit flott bidrag til bygginga av ei betre verd. sh

Anbefalt aldersgrense for filmen er 15 år.

Göran Hugo Olsson sin førre film, The Black Power Mixtape 1967–1975 (2011), fekk prisen for beste klipp på filmfestivalen i Sundance og blei svært populær på festivalar og kinoar verda over. I 2009 lagde han Am I Black Enough for You med soulsongaren Billy Paul på rollelista. Sidan 1999 har Olsson vore styreleiar i dokumentarplattforma Ikon South Afrika.

Originaltittel Concerning Violence

År 2014

Regissør Göran OLSSON

Manusforfatter Göran OLSSON

Produsent Tobias JANSON

Med Lauryn HILL

Produksjonsselskap Final Cut for Real, Helsinki Filmi Oy, Louverture Films, Story AB

Spilletid 1t 30m

Format DCP

Lenker IMDb