Vi skjønar raskt at noko er gale når vi ser at Parker Sithole, spela av Muthosi Magano (Tsotsi og Hotel Rwanda), står vill i blikket ute på eit jorde med to tenner stikkande ut frå eit sår i hovudet. Han er ein ordknapp mann (han seier faktisk ikkje eitt ord i heile filmen) som får seg jobb som lærar på ein vidaregåande skule. Raskt innleiar han eit forhold til ein elev og blir besett av grådig begjær til ho. Vi ser handlinga frå denne usympatiske læraren sitt perspektiv, filma i svart-kvitt. Denne læraren har ikkje skjelett i skapet, men derimot ei flirande bestemor.

Of Good Report vart freista gjort forboden skulda for å vere barnepornografisk, men dette vart skrinlagt sidan skodespelaren er 23 år, ikkje 16. Likevel er dette ei grov og blodig affære, og ein psykotisk hyllest til film noir. Regissøren ber innstendig om at du ser på denne filmen som film og ikkje som film laga av ein svart sør-afrikanar. Den er korkje politisk eller politisk korrekt, dette er ein bekmørk neo-noir. Det uttalte målet til Qubeka er å bringe anarki, kaos og dissens til den sovande filmindustrien i heimlandet. Det har han lukkast med. gil

Anbefalt aldersgrense for filmen er 15 år.

Multitalentet Jahmil X.T. Qubeka har tidlegare skrive manus til, redigert og regissert A Small Town Called Descent (2010) og kort- fi lmen Shogun Khumalo Is Dying! (2006). I tillegg har han produsert dokumentaren Zulu Meets Jazz og spelefi lmen uMalusi (begge 2008).

Originaltittel Of Good Report

År 2013

Regissør Jahmil X.T. QUBEKA

Manusforfatter Jahmil X.T. QUBEKA

Fotograf Jonathan KOVEL

Produsent Michael AURET

Med Mothusi MAGANO, Petronella TSHUMA, Thobi MKHWANAZI

Produksjonsselskap Compass Films, Icelandic Film Center, New Brighton Motion Picture Company, Spier Films, iXhosa Nostra

Spilletid 1t 41m

Format DCP

Lenker IMDb