The Attorney er eit rettsalsdrama basert på faktiske hendingar i 80-talets Sør-Korea, om korleis ein opportunistisk skatterettsadvokat vart om til ein menneskerettsadvokat. Historia høyrer til Sør-Koreas no avdøde eks-president Roh Moo-hyun som styrte i perioda 2003–2008.

I filmen har advokaten fått namnet Song Woo-seok, som i byrjinga er mest interessert i å gjere karriere og tene pengar, spelt av den alltid karismatiske Song Kang-ho (Memories of Murder (2003) og The Host (2006)). Den veksande demokratirørsla mot det undertrykkande styret til Chun Doo-hwan (som fekk kallenamnet «tåregasspresidenten») har han lett for å latterleggjere, og meiner det er som å kaste egg på stein. På restauranten han jamnleg går til, jobbar det ein student som meinar tvert om at det er av egg det kan vekse noko, stein brytast ned. Då denne studenten vert arrestert, grusamt torturert og skulda for å vera ein kommunist som les «revolusjonær litteratur», skjønar advokaten at dette likevel er ei sak som er større enn karriere og pengar. gil

Teikneserieskaparen Yang Woo-seok debuterer på filmlerretet med denne kontroversielle kassasuksessen. Den har vorte noko av ein sensasjon i heimlandet der den er sett av ti millionar på kino (som utgjer ein av fem i Sør Korea). Filmen er basert på ein nettserie han har teikna.

Originaltittel Byeon-ho-in

År 2013

Regissør YANG Woo-seok

Manusforfatter YOON Hyeon-ho, YANG Woo-seok

Fotograf LEE Tae-yoon

Produsent CHOI Jae-won

Med KIM Yeong-ae, KWAK Do Won, OH Dal-su

Produksjonsselskap WithUs Films

Spilletid 2t 7m

Format DCP

Lenker IMDb