The Owners er ein svart komedie om ein ung familie i pengenød og som derfor må oppgje bustaden i Almaty. Heldigvis har dei arva eit hus på landsbygda av mora, men likevel oppstår det problem då dei finn ut at det allereie bur nokon der med mektige vener som brukar maktapparatet til fordel for seg sjølve og sine. Dermed startar ein kamp med veldig dårlege odds mot ein allianse av byråkratiet og bygdefolket der ein ikkje kjem langt med å følgje reglar eller vere føyeleg, inga enkel sak for to tenåringsgutar og ei epileptisk veslesøster.

Om no temaet er mørkt og viser til relevante problem i dagens Kasakhstan er dette likevel ein lystig film, ei mørk tragi-komedie om du vil, med aner mot brørne Kaurismäki. Nokre har jamvel våga beskrive filmen som Leningrad Cowboys møter Borat, men då har ein utelatt nokre absurde dansenummer verdige Tsai Ming-liang i The Wayward Cloud.

The Owners er ei slags nyinnspeling av Yerzhanov sine to filmar av fjoråret, Stroiteli og Ukkili kamshat. Sjølv om historia meir eller mindre er den same er det tre forskjellige filmar med kvar sine særpreg og stilar. gil

Adilkhan Yerzhanov (f. 1982) studerte regi ved det nasjonale kunstakademiet i Kasakhstan og fekk deretter stipend for å framhalde opplæringa i New York. Allereie i 1999 hausta han lovord for dei fyrste kasakhstanske animasjonsseriane Kozy-Korpesh og Bayan-Sulu. Den fyrste filmen hans Rieltor (2011) var nominert til beste film ved Dubai internasjonale filmfestival.

Originaltittel The Owners

År 2014

Regissør Adilkhan YERZHANOV

Manusforfatter Adilkhan YERZHANOV

Fotograf Yerkinbek PTYRALIYEV

Produsent Adilkhan YERZHANOV, Olga KHLASHEVA, Serik ABISHEV

Med Yerbolat YERZHAN, Aidyn SAKHAMAN, Aliya ZAINALOVA

Produksjonsselskap Short Brothers LLC

Spilletid 1t 33m

Format DCP

Lenker IMDb