Mekong Hotel og metafysisk film
Apichatpong Weerasethakul sa ein gong at «film er som eit dop du tar når du ikkje kan forholde deg til røynda» og er det ikkje nettopp det film er, eit medium ein kan flykte inn i for å oppleve ei anna verd for eit par timar? I morgen kan du få med deg hans nyeste film Mekong Hotel.
Men det er ikkje alle som vil forholde seg slik til filmane hans. Under visninga av Onkel Boonme som kan erindre sine tidligere liv i 2010-programmet var det mange som forlot kinosalen før halvtimen var gått, og atter andre gjekk sporadisk utover i filmen. Ikkje la dette skremme deg, det betyr berre at det ikkje er ein film for alle. Og det betyr på ingen måte at dette er tom eskapisme! Med m.a. Tim Burton i ryggen er dette ein regissør å følge med på. For meg var denne vinnaren i eit sterkt program det året, saman med den koreanske Castaway on the Moon. Det er ikkje det at det er ein spesielt vanskeleg film, det er vel meir at du må ha ei viss forståing for den bakanforliggande filosofien og ha ei viss interesse i buddhistisk tankegang, særskilt sidan den ikkje gjer ein innsats i å forklare det du ser for deg.
Sikkert er det at denne regissøren lagar filmar heilt utanom det vanlege, forutan den ovanfor nemnde Onkel Boonme... har han laga Tropical Malady, Blissfully Yours og Syndromes and a Century. Alle desse har fått ei blanda mottaking varierande frå full fordømming til Gulløva i Venezia og Gullpalmen i Cannes. Fellestrekka for desse er at dei er visuelt slåande og at dei er uredde for eksperimentell filmkunst samtidig med at dei alltid er meiningsmetta. Dette er ein regissør som vil noko med kvar film han lagar.
Den nye filmen hans, Mekong Hotel ser ikkje ut til å vere like tung som Onkel Boonme..., men det er like fullt ei meditativ øving i stemningsdriven filmkunst med eit utypisk plot, nemleg eit kjærestepar og deira forhold til spøkelset av mora. Gled Eder!